Handlekurven din

Kommentar

Alle bestillinger vil bli brukt USD. Innholdet i din nåværende handlekurv vises CYN, Du vil bruke USD Beregnet med siste valutakurs.

utsolgt

Noen produkter er ikke lenger tilgjengelige. Handlekurven din er oppdatert.

Har du en rabattkode?
Brukte rabattkoder lagres på kontoen din
Delsum
Rabatt

Denne rabattkoden kan ikke brukes i forbindelse med andre kampanjer eller rabatttilbud.

total
Beregn avgifter og fraktkostnader ved betaling.
Gratis levering på alle bestillinger.
NOK

Budeiene 5957291

Sale price NOK kr224.50 Regular price NOK kr449.00

Ordresammendrag

Budeiene
224.50
Har du en rabattkode?
Brukte rabattkoder lagres på kontoen din

Delsum
Fraktkostnader beregnes ved kassen.

eller

Kjøpsmetode
Detaljer

Stølskulturen er på Unesco si verdsarvliste! Kunnskapen og erfaringa til budeiene er lyfta opp. Vi har hatt stølar og budeier over heile landet, og mange har budeier bakover i slekta.
 
Budeiene dreiv og driv små bedrifter i utmarka – hardt arbeid, men òg eit friare liv. På stølen var det kvinnene som bestemte. Dei sjølvstendige og sjølvhjelpne budeiene imponerte og inspirerte. Dei irriterte også. Dei var ikkje underdanige nok, og dei vart oversett og motarbeidt av betrevitande embetsmenn. Budeiene har skaffa landet mat gjennom tusenvis av år, vi hadde ikkje overlevd utan dei. Av stølsmjølka får ein gode produkt, ho er kanskje verdas beste.
 
Den gjestmilde budeia var ein trygg base i fjellet. Ho hadde mat og seng, ho lokka og song til seg dyr, kunstnarar, turistar og friarar. Budeiene levde i og med naturen, og nokon kjende på at dei delte stølen med haugafolk, dei underjordiske.
 
Budeiene vil gjerne at fleire skal få kjennskap til arbeidet deira. Denne boka gir deg det. Budeiene er kvinnehistorie, kulturhistorie og landbrukshistorie. Det er på tide dei får den merksemda dei fortener.
 
Inger Marie Vingdal er dosent i kroppsøving, og ho har skrive fleire lærebøker. No har ho samla inn budeiestemmer og historier frå heile landet. Ho har besøkt mange ulike stølsgrender og møtt budeier i ulike aldrar. Inger Marie er oppvaksen med støl, og ho fekk budeieliv og friluftsliv inn med stølsmjølka.

    Se alle detaljene
    Autentisering
    Hvis du ikke har en konto, klikker du på Opprett konto.bli medlem